Stoltenbergregjeringa satsar i sitt statsbudsjettforslag meir på forsking og innovasjon. Kommunal- og regionaldepartementet gjer framlegg om å auke ramma til Forskingsrådets VRI-program (Verkemiddel for regional FoU og innovasjon) med 7,5 millionar kroner til 51,7 millionar kroner. VRI er viktige verkemiddel for kompetansearbeidsplassar og utvikling av nytt kunnskapsbasert næringsliv.

VRI vert finansiert av fleire departement. VRI skal bidra til å fremje samhandling mellom bedrifter, forskingsmiljø og offentlege aktørar i regionen.

Virkemidler for regional FoU og innovasjon (VRI)

 

av Torkelsen, Jan H., publisert 17. oktober 2013 | Skriv ut siden