Det vart avgjeve 30,2 prosent førehandsrøyster ved stortingsvalet i år. Det er ny rekord. Samstundes var valdeltakinga på 78,2 prosent. Dette utgjer i alt 2 848 000 godkjende røyster. Valdeltakinga var 1,8 prosentpoeng høgare samanlikna med valet for fire år sidan.

Talet på førehandsrøyster før stortingsvalet auka med 5,8 prosentpoeng i høve til valet i 2009. Det er 12,3 prosentpoeng fleire førehandsrøyster ved dette valet samanlikna med stortingsvalet i 2005. Samstundes er det ein klår samanheng mellom mengda førehandsrøyster og kommunane som deltok i e-valsprosjektet med røystegjeving via internett. Dei sju kommunane som hadde høgast del førehandsrøyster, deltok alle i e-prøveprosjektet. Alle dei 12 kommunane i e-valsprosjektet var mellom dei 21 kommunane som hadde høgast del førehandsrøyster.

 

Kilde: Statistisk sentralbyrå

 

av Torkelsen, Jan H., publisert 30. oktober 2013 | Skriv ut siden