Regjeringa føreslår 11,9 millionar kroner til ein ny landsdekkjande statleg struktur for likestilling. Samstundes blir trepartssamarbeid for likestilling og innsatsen mot seksuell trakassering styrkt med til saman 14 millionar kroner. - Sjølv om Noreg stadig blir kåra til eit av verdas mest likestilte land, er ikkje likestillinga i mål. Likestillingsutfordringar må finne ei løysing der folk bur og arbeider. Likestilling kjem ikkje av seg sjølv, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Inga Marte Thorkildsen.

- Regjeringa ynskjar  å opprette fire regionale kompetansemiljø organisert under Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som skal rettleie og motivere til likestillingsarbeid i kommunar, fylkeskommunar og i private verksemder. Departementet føreslår å auke løyvinga til regionalt likestillingsapparat med 11,9 millionar kroner.

Likestilling i arbeidslivet

Regjeringa og partane i arbeidslivet vil styrkje trepartssamarbeidet for å gi større kraft i arbeidet med likestilling. Regjeringen føreslår 10 millionar kroner til lokalt utviklingsarbeid i offentlege og private verksemder. Utviklingsprosjekta vil mellom anna kunne omfatte rekruttering, lønns- og arbeidsvilkår, forfremming, utviklingsmogelegheiter og vern mot trakassering. Utviklingsarbeidet skal forankrast i eit trepartssamarbeid mellom Arbeidsdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og partane i arbeidslivet.

Auka innsats mot seksuell trakassering

Regjeringa ønskjer meir målretta og systematisk arbeid mot seksuell trakassering blant ungdom. Det blir føreslått å etablere ei nasjonal rettleiingsteneste og utvikle eit landsdekkjande program mot seksuell trakassering med ei samla løyving på 4 millionar kroner.

Løyvingane er ei oppfølging av tiltaka i stortingsmeldinga "Likestilling kommer ikke av seg selv", som blei lagt fram 21. juni i år.

 

av Torkelsen, Jan H., publisert 15. oktober 2013 | Skriv ut siden