Dei som kjem frå land utanfor EØS må ha budd fire år i Noreg før dei kan få kjøresetel og lov til å føre buss eller drosje. Dette går fram av forslaget til endringar i yrkestransportlova som vart lagt fram i statsråd før helgen. - Alle som nyttar drosje eller buss skal vere trygge på at politiet har vurdert vandelen til sjåføren. Sjåføren må vere skikka til å ha det ansvaret som yrket inneber. Det er særleg skuleborn og passasjerar med funksjonshemmingar som er sårbare i denne samanheng, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

For å drive løyvepliktig persontransport må sjåføren i tillegg til førarkort ha kjøresetel frå politiet. For å få kjøresetel må vedkomande mellom anna ha ein vandel som ikkje gjer han uskikka.

Vandelsvurderinga blir gjort på grunnlag av opplysningar i det norske strafferegisteret. Utlendingar som kjem til Noreg må ha budd lenge nok her til at norsk politi kan vurdere vandelen deira.

Kravet om butid før dei kan få kjøresetel vert no sett til fire år i forslaget. Krav om slik butid gjeld ikkje for EØS-borgarar som legg fram politiattest frå heimstaten sin.

Lovendringa har bakgrunn i den nye politiregisterlova, som set vilkår om at krav om butid for vandelvurdering må ha heimel i lov. Endringa inneber at kravet til butid vert senka med eitt år samanlikna med den tidlegare forvaltingspraksisen på området.

Vest-Agder fylkeskommune utalte i høyringa at fylkeskommunen er positiv til framlegget. I uttalelsen ble det trekt fram at krav om fem års butid nok vil resultere i at førarane vert betre i norsk, og at dette vil kunne skape ei trygg ramme rundt passasjertransporten. Fylkeskommunen peikte likevel på at framlegget vil kunne vere problematisk for innvandrarar sine moglegheiter til å komme raskt i arbeid.

Sjå også: Prop. 15L (2014-2015) Endringar i yrkestransportlova (krav om butid for utferding av kjøresetel mv.

av Torkelsen, Jan H., publisert 11. november 2014 | Skriv ut siden

Siste fra Samferdsel

  • Johaugs Reflekskolleksjon
    av jto, 16.10.19

    Invester fem minutter på refleksdagen

    Les mer
  • Broåpning Feda 11.10.19
    av Jan Torkelsen og samferdselsseksjonen, 14.10.19

    Ny bro på Feda i Kvinesdal offisielt åpnet

    Les mer
  • Selvkjørende Buss
    av jto, 10.10.19

    Det må tas høyde for teknologisk utvikling i transportsektoren

    Les mer