Som ein del av «energiunionspakka» har Europakommisjonen lagd fram ei melding om mellomlandsforbindelser 25. februar. Innan 2020 skal alle medlemsland ha utanlandskablar med kapasitet tilsvarande ti prosent av landets elektrisitetsproduksjonskapasitet. Som energieksportør med EU som hovudmarknad har Norge stor interesse av ein betre integrert europeisk energimarknad. Meldinga gir status over kor godt medlemslanda er kopla saman og kva som står att for å realisere ein felles kraftmarknad.

Større energiflyt mellom medlemslanda vil være eit viktig ledd for å realisere en felles energimarknad og energiunionen. Meir mellomlandskablar i EU vil kunne redusere CO2-utslepp når fornybar energi lettare kan integrerast i marknaden, også over landegrenser. I tillegg vil ein felles straummarknad føre til større konkurranse som effektiviserer ressursbruken og aukar forsyningssikkerheita.

Les  rapporten om mellomlandsforbindelser her

Les også: EU-delegasjonens rapport: Dette er energiunionen

av Torkelsen, Jan H., publisert 6. mars 2015 | Skriv ut siden