Agder Folkemusikkarkiv er ein interfylkeskommunal institusjon, drive av Aust- og Vest-Agder fylkeskommunar. Arkivet held til på Setesdalsmuseet på Rysstad i Valle kommune. I følgje årsrapporten som no skal handsamas av hovudutval for kultur og utdanning er det ein jamn tilvekst i arkivet av privat kjeldemateriale slik som lydopptak, foto, dokument og klypp til samlingane. I tillegg til at dei tilsette reiser rundt og tek opp lyd- og filmopptak. Lydsamlinga har 26879 kutt, dei har 4245 bilete og om lag 400 titlar i fagbiblioteket. Studentar, komponistar, forfattarar, journalistar og plateselskap er blant dei som oftast tek kontakt med arkivet.

Agder Folkemusikkarkiv, etablert i 1998, fekk 700 000 kroner frå Vest-Agder fylkeskommune i 2015. Fordelinga er 60/40 med Aust-Agder.

I følge årsrapporten har det vore stor aktivitet i 2015, ikkje minst frå personar og folkemusikkmiljø i Vest-Agder. Mellom anna er det blitt digitalisert foto frå Frode Nyvoll si samling, som har tatt vare på tradisjonen frå Listaområdet. Det har vore opptak med Halvdan Furholt og Hilde Stømsnes, digitalisering av lydbandsamlinga etter Bjarne Sløgedal, opptak med Torborg Forland i Flekkefjord og filming av konsert med Gard Nergaard frå Marnardal. Vidare arbeider Ragnhild Furholt med eit bok-/cd prosjekt med vokaltradisjon frå Vest-Agder. Ho tek med 100 songar frå alle 15 kommunar i fylket. Vest-Agder fylkeskommune finansierar og gjev ut produksjonen.

 

av Torkelsen, Jan H., publisert 24. mai 2016 | Skriv ut siden

Siste fra Kultur

  • Kulturbygg I Songdalen Fasade
    av jto, 19.06.19

    15 millioner kroner i fylkeskommunalt tilskudd til kulturbygg i Songdalen

    Les mer
  • Fra Fyr Til Fyr
    av jto, 12.06.19

    Mange opplevelsesmuligheter på Lista søndag 16. juni

    Les mer
  • Kulturrell Møteplass I Songdalen
    av jto, 05.06.19

    Fylkesutvalget positivt til å gi fylkeskommunalt tilskudd til kulturbygg i Songdalen

    Les mer