Regjeringa fører vidare satsinga på yrkesretta utdanningar i statsbudsjettet for 2017, og foreslår 58 millionar kroner til å styrke fagskolar og 30 millionar kroner til å styrke kompetansen til yrkesfaglærarane. – Vi veit at fagarbeidarar er viktige for ei vellykka omstilling av norsk økonomi, og vi veit at vi kjem til å stå overfor ein mangel på mange fagarbeidarar framover. Derfor held vi fram med å satse på dei yrkesretta utdanningane, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Satsinga skal bidra til å gjere fagskolane betre i stand til å utvikle kvaliteten og tilbodet i utdanningane sine. Hausten 2016 vil kunnskapsministeren legge fram ei melding til Stortinget om fagskolane.

– Vi ønsker at fagskolar skal bli meir anerkjende og meir synlege som eit yrkesretta alternativ til anna utdanning på høgre nivå. Det er også viktig at tilbodet ved fagskolane er oppdaterte om utviklinga i næringslivet, seier Røe Isaksen.

Satsar på yrkesfaglærarane

Regjeringa foreslår 30 millionar kroner til å føre vidare satsinga på kompetansen til yrkesfaglærarane, og utvidar tilbodet om etter- og vidareutdanning.

– Med ein stadig opnare økonomi må vi utdanne konkurransedyktige fagarbeidarar. Derfor har det aldri vore viktigare enn no at yrkesfaglærarane er oppdaterte på fagfelta sine, og gir yrkesfagelevane opplæring av høg kvalitet, seier Røe Isaksen.

av Torkelsen, Jan H., publisert 7. oktober 2016 | Skriv ut siden

Siste fra Utdanning

  • Førerkort
    av jto, 25.06.19

    Enkelte kjøretimer blir ikke lenger regnet med i fraværsgrensen

    Les mer
  • Gratis Sommerkurs I 2019
    av jto, 05.06.19

    Gratis sommerkurs i matematikk og naturfag 2019

    Les mer
  • Datamus
    av jto, 22.05.19

    Vest-Agder får digital skolehelsetjeneste fra høsten

    Les mer