Hogtlesing

Foto: Akershus fylkeskommune, Jarle Nyttingnes.

Har du behov for å læra meir om bibliotektenester for barn? Det nye nettstudiet «Barn, medier og bibliotek» (15 stp) gjev ei innføring i kultur- og litteraturformidling for barn.
Nettstudiet vert tilbode etter initiativ frå fylkesbiblioteka i Noreg.

  • Studiets første del tek opp barndomen sine vilkår i samfunnet, og ein ser dette i samanheng med barna sin mediebruk og formidling til barn.
  • Andre del konsentrerer seg om studiet av medium for barn, med vekt på barnelitteratur.
  • Tredje del tek opp spesifikke sider ved bibliotekarbeid blant barn, bl.a. samlingsutvikling, aktivitetstilbod og samarbeid med skule og barnehage.

Opptakskrav er generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Studiet startar på nyåret i 2019, og søknadsfrist er 23. november 2018.

Meir informasjon om studiet og påmeldingsskjema.

Nettstudiet «Barn, medier og bibliotek» vert tilbode frå bibliotekarutdanninga ved OsloMet, etter initiativ frå fylkesbiblioteka i Noreg. Det er prosjektet «Barnebibliotek – et kompetanseløft» som har gjort utvikling av nettstudiet mogeleg. Prosjektet er støtta av Nasjonalbiblioteket. Trøndelag fylkesbibliotek er prosjektansvarleg.

Ta gjerne kontakt med prosjektleiar ved Trøndelag fylkesbibliotek om du har spørsmål: Kristin Storvig, 909 89 407 kristo@trondelagfylke.no . Du kan også kontakta fylkesbiblioteket ditt.


Mål med studiet

Biblioteka er arena for barn sine møte med litteratur og kulturelle opplevingar. Leseglede, nysgjerrigheit og leik er treffande for aktivitetar som barnebibliotekarar legg til rette for.

Både samfunnet, medium og biblioteka sine tenester er i stadig endring, og det stiller nye krav til kompetanse og engasjement. Nettstudiet «Barn, medier og bibliotek» vert sett i gang for å stimulera til kompetanseheving i bibliotek og betre bibliotektenester for barn i hele landet.

Gjennomføring og kostnader

Nettstudiet vert tilbode for første gong frå OsloMet i 2019, med tilsette i biblioteksektoren som målgruppe. Det er 30 studieplassar.

Arbeidsmengda er tilpassa slik at det skal være mogleg å kombinera studiet med full jobb. Femten studiepoeng på eitt år svarar til omtrent 25% av eit fulltids studium.

Fylkesbiblioteka vil hjelpa med fagleg støtte og regional nettverksbygging, og dei arrangerer ei oppstartsamling i Oslo og eit webinar mot slutten av studiet.

Det blir mogleg å søka prosjektet om reisestipend for å kunna delta på samlinga i Oslo.
Studieavgift er sett til kr 12.000. Semesteravgift på kr. 640 betalast pr. halvår.

av Dyrøy, Roger, publisert 3. oktober 2018 | Skriv ut siden

Siste fra Fylkesbiblioteket

  • Sommerles Banner
    av the, 11.06.18

    Sommerles 2018 er full gang

    Les mer