Bibliotekmøtet våren 2016

Illustrasjon: Therese Scherffenberg.

1. og 2. mars arrangerer fylkesbibliotekene i Agder nytt bibliotekmøte, denne gang i Kristiansand - på Radisson Blu Caledonien Hotel.

Det er ikkje litteratur alt vi formidlar, og litteraturformidling er berre ein del av det vi driv med, sjølv om det er ein stor del. Det speglar også programmet på dette bibliotekmøtet. Fokuset for programmet er formidling, og då særleg formidling til unge.

Bibliotekarane på Agder arbeider med formidling på mange ulike arenaer. Vi har alle erfart at ein ikkje kan nytta dei same teknikkane til å formidla ein bodskap til unge som til eldre. Vi treng metodar som er tilpassa ulik bodskap til ulike målgrupper.

Ein snakkar også om tradisjonell formidling og digital formidling som skilnader, men kva er eigentleg tradisjonell formidling? Er det på tide å skapa nye tradisjonar? Vårens bibliotekmøte har som målsetjing å gjera alle til betre formidlarar, uansett arena og bodskap.

I tillegg er bibliotekmøtet ein viktig møteplass for deling av kompetanse og bygging av nettverk. Vi ser fram til å møta deg i Kristiansand, og vonar du vil formidla dette møtet også til dei som ikkje har biblioteket som arbeidsplass!

Bindane påmelding til bibliotekmøtet gjer du via skjemaet under seinest 24. februar. Sjølve programmet finn du i nyhetsbrevet og i høgre kolonne her. Har du spørsmål vedr. Bibliotekmøtet rettar du dei til rådgjevar Torvald Hellum 411 60 564 eller epost the@vaf.no

Bibliotekmøtet våren 2016





 

 

 

 

 

 

 

av Hellum, Torvald, publisert 29. januar 2016 | Skriv ut siden